Har i lengre tid slete med at vinduet 'kantrar' når eg sveiver det ned. Og det gjer eg minst to gonger daglig, inn og ut av parkeringshuset på jobb.
Filtkanalen ligg jo fint i klipsa sine nedover i vindusramma i bakkant. Like til svingen på denne, der den utvendige skrapelista ligg.
Herifrå og nedover henger filten heilt laust!?!
Det som då skjer, er at når eg sveiver vinduet så langt ned, at buen i overkant på vindauga kjem under skrapelista, så vipper vinduet litt bakover, og då bender heisemekanismen, glaset bøyer filtkanalen bakover, og då vil også glaset ut av sporet i forkant
Kan på ein forsiktig måte sei at dette er eit irritasjonsmoment.
Vinduet glir lett opp og ned, og heisen er velsmurt, og fungerer greit. Sjølv om den no er i ferd med å bli vèl slarkete i nederste delen.
Skifta filtkanalen i gårkveld, men det er akkurat samme problemet. Bortkasta jobb
Burde ikkje filten hatt nokon form for support/skinne mellom skrapelista og ned mot låskassen??
Gadd ikkje opne passasjerdøra for å sjekke, for der er jo alt i orden
Nokon professorar der ute?